Dødsfall

Studielån blir sletta om låntakaren døyr.

Studielån frå Lånekassen er personleg og usikra. Det betyr at ingen arvar gjeld frå Lånekassen. Om den som har lån døyr, blir heile gjelda sletta.

Pårørande treng ikkje melde frå til oss

Vi får melding om dødsfall frå Folkeregisteret. Pårørande treng ikkje å melde frå til oss dersom låntakaren som døyr er busett i Noreg. Er låntakar busett i utlandet, kan pårørande ta kontakt med Lånekassen.

Dersom den som døyr fekk lån og stipend frå Lånekassen, stoppast utbetalinga og gjelda blir sletta.

Vi sender ut årsoppgåve

Vi er forplikta til å sende årsoppgåve til alle som har hatt lån hos oss inneverande år, så rett over nyttår vil dødsbuet få ei årsoppgåve frå Lånekassen. Dette gjeld også sjølv om gjelda er sletta.