Lærarutdanning i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk

Dersom du fullfører visse lærarutdanningar i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta inntil kr 50 000 av studielånet.

Dersom du fyller vilkåra over, kan du få sletta gjeld med opptil 50 000 kr. Har du mindre gjeld enn 50 000, vil du få sletta resten av lånet ditt.

Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført.

Realfag og framandspråk

Du kan berre få sletta gjeld dersom faga er ein øvrig del av masterprogrammet. Følgande program gir rett til sletting:

  • integrert masterprogram i lærarutdanning med spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
    Eksempel: Dersom du tar ein master i grunnskolelærar- eller lektorutdanning og vel realfag eller framandspråk som ditt masteremne eller som di spesialisering, vil du ha rett til sletting av gjeld etter denne ordninga etter fullført utdanning. 
  • to-årig fagdidaktisk masterprogram for lærarar som tar spesialisering i realfag eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag / sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning

Les også: Eksempel på kor mykje ein lærar kan få sletta

 

Samisk eller kvensk

Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:

  • Samisk grunnskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
  • Samisk barnehagelærarutdanning (Samisk høgskole)
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk som del av grunnskolelærarutdanning
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk som del av lektorutdanning

Ordninga gjeld også låntakarar som tar desse utdanningane:

  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført barnehagelærarutdanning
  • Fullført barnehagelærarutdanning dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk

Søknadsfrist

Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført. Du vil få beskjed i eit eige brev når slettinga er gjort. Du kan også sjå om du har fått sletta gjeld på Dine sider, under "kontobevegelsar".

Slik søker du

Du må sjølv søke om å få sletta gjelda di. Skriv eit brev der du oppgir kva utdanningar du har tatt og skriv at du søker om å få sletta delar av gjelda di. Logg inn på Dine sider og last opp brevet og vitnemål for utdanningane du har tatt.

Andre ordninger for lærere 

Logg inn

Vil du bli grunnskolelærar eller lektor?


Du kan få sletta gjeld dersom du utdannar deg til grunnskolelærar eller lektor og jobbar tre år i skolen etter studia.