Ditt ansvar

Du har plikt til å melde frå til Lånekassen dersom det oppstår endringar i situasjonen din undervegs i utdanninga. Dette gjeld for eksempel dersom du endrar på eller avbryt utdanninga di.

Du må melde frå til Lånekassen dersom du

  • avbryt eller tar ein pause i utdanninga
  • skifter lærestad eller endrar den faglege planen
  • betaler mindre i skolepengar enn det du oppgav i søknaden
  • endrar bustadadresse eller sivilstand

Konsekvensar for deg

Endringar kan føre til at du har krav på meir eller mindre pengar. Melder du ikkje frå om endringar, kan du gå glipp av pengar du har rett på. Dersom du har fått meir pengar enn du har krav på, og ikkje melder frå om endringar, kan det få alvorlege konsekvensar. I verste fall kan du miste retten til lån og stipend frå Lånekassen, for ein periode eller for all framtid.

Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller du gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje at du med ein gong betaler tilbake lån og stipend du ikkje skulle hatt. I grove tilfelle politimelder vi.

Ta vare på dokumentasjon

Alle som får lån som kan bli til stipend kan bli bedt om å dokumentere at dei ikkje bur hos foreldra sine. Ta derfor vare på alle leigekontraktar og liknande dokument. 

Fristar

Fristen for å melde frå om endringar er innan slutten av perioden du har fått støtte til. Har du for eksempel fått støtte til og med 15. juni 2023, er det også fristen for å melde frå om endringar. Perioden du har fått stipend og lån står i vedtaksbrevet ditt, som du finner på Dine sider. Endringar du melder frå om seinare enn dette, fører ikkje til ny behandling.

Avbryt du utdanninga, må du melde frå til oss med ein gong.

Brev du får frå oss, har eigne svarfristar. Den er vanlegvis tre veker. Foreldrestipend og sjukestipend har eigne søknadsfristar.