Arbeidsledig, AAP, sjuk og låg inntekt

Du kan ha rett til å få sletta renter på lånet ditt dersom du er i ein situasjon som gjer at du har låg inntekt.

Veileder Sletting av renter

Får du sletta renter, kan du utsette betalinga i den same perioden

Alle kan utsette betalinga inntil 36 gonger, men du bruker ikkje av denne kvota i periodar der du får sletta renter. Har du brukt opp utsettingane dine, kan du altså likevel få utsett betalinga i periodar du får sletta renter.

Vi har fleire ordningar for deg

Er du i ein situasjon som gjer at du har låg inntekt, kan du få sletta renter og utsett betaling på studielånet.

Sletting av renter inneber at renter som allereie er lagt til lånet ditt, blir sletta. Du kan altså ikkje søke om at renter ikkje skal bli lagt til i framtida. For å ha rett til å få sletta renter, må du vere i ein situasjon som er godkjent for sletting av renter og du må ha inntekt under grensene våre.

Søknadsfrist for sletting av renter

Du kan søke om sletting av renter i inntil tre år tilbake i tid. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2021 viss du søker i løpet av 2024.

Du kan utsette betalinga i periodar du får sletta renter

I periodar du får sletta renter, kan du også utsette betalinga utan at du bruker av kvota på 36 utsettingar. Det fungerer slik at utsettingar du har brukt, blir sletta når du seinare får innvilga sletting av renter.

Har du brukt opp betalingsutsettingane dine?

Dersom du har brukt 36 utsettingar, kan du få fleire om det er sannsynleg at du får sletta renter for den same perioden. For å utsette fleire betalingar, må du først søke om sletting av renter og deretter søke om.

Sjå inntektsgrenser for sletting av renter

Gå til søknaden
Dokumentasjonskrav for sletting av renter
Ufør
Får du uføretrygd, kan du ha rett til å få sletta gjeld.
Statens innkrevingssentral (SI)
Kva vil det seie at lånet er oppsagt og overført til Statens innkrevjingssentral?

Betalingsutsetting

Alle kan utsette betalinga
36 gongar

I løpet av nedbetalingstida kan alle utsette rekninga inntil 36 gongar, som tilsvarer tre år til saman. Du treng ikkje oppgi noko spesiell årsak for å få utsett betalinga.

Ver oppmerksam på at nedbetalingstida blir lengre, sidan du må betale rekninga seinare enn planlagt, og at renter blir lagt til lånet ditt også i periodar der du ikkje betaler. Det fører til at du må betale meir renter samla sett, enn om du ikkje utsett betalinga. Utset du éi rekning, utvidar vi nedbetalingstida med éin månad. Utset du to rekningar, utvidar vi med to månader, og så videre.

Du kan både utsette rekningar du allereie har fått og rekningar som skal komme seinare. Utset du rekningar du ikkje har fått ennå, sender vi deg ikkje rekninga.

Aktuelt regelverk