Tilleggslån for deg som er 30 år eller eldre
Frå og med det året du fyller 30 år, kan du låne inntil 100 000 kroner i året i tillegg til andre lån og stipend. Tilleggslånet på 100 000 er berre for studentar på fagskole, universitets- eller høgskoleutdanning. Tar du vidaregåande opplæring, kan du låne inntil 50 000 kroner i året. Du må fylle 30 år seinst 31.12.2020 for å ha rett til tilleggslånet i studieåret 2020–2021. Du må også ha rett til vanleg lån og stipend for å ha rett til tilleggslånet.
Tar du andre utdanningar, kan du ikkje få dette lånet.
Det årlege maksimalbeløpet gjeld for fulltidsutdanning. Studerer du på deltid, blir beløpet redusert. Kor mykje du får når du studerer på deltid, avheng av kor mange studiepoeng eller årstimar du tar.
Kor mykje kan du låne til saman?
Tilleggslånet er avgrensa til 200 000 kroner til saman over fleire år for utdanning ved fagskole, universitet og høgskole, og 100 000 kroner til saman for vidaregåande opplæring.
Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for deg som har barn.
Tilleggslånet kan ikkje bli gjort om til stipend, med unntak av sjukestipend.