Uføre kan få sletta gjeld
Du må ha uføretrygd
Du må ha fått innvilga uføretrygd frå folketrygda for å få sletta gjeld.
Du må vere minst 50 prosent ufør. Dersom du fekk AAP (arbeidsavklaringspengar) frå Nav heilt fram til du fekk vedtak om uføretrygd, er det nok at du er minst 40 prosent ufør.
Du kan søke om sletting av gjeld dersom du bur i utlandet og har fått innvilga ei yting i eit anna land som tilsvarer norsk uføretrygd. Du kan ikkje få uføretrygd frå folketrygda i Noreg
Vent med å søke til du har fått innvilga uføretrygd
Du må ha fått innvilga uføretrygd hos folketrygda før du søker om sletting av gjeld hos Lånekassen. I mellomtida kan du bruke andre ordningar for betalingsletter. Du kan søke om sletting av renter dersom du har AAP, er sjuk eller er i ein annan situasjon som gir rett til sletting. Du kan også søke om betalingsutsetting.
Inntekta di avgjer kor mykje gjeld som kan bli sletta
Du kan berre få sletta gjeld dersom du har person- og kapitalinntekt under 501 677 kroner i 2022. Dette gjeld dersom du ikkje har barn under 16 år som du forsørger. Har du barn under 16 år, kan du legge til 16 380 kroner per barn, for å sjå kva for grense som gjeld deg.
Sjå inntektsgrenser for tidlegare år
Både inntekt frå trygd og arbeid skal reknast med. Barnetillegg og barnepensjon for barn over 16 år skal ikkje reknast med. Dersom du mottek barnetillegg for barn over 16 år, må du legge ved dokumentasjon frå Nav, forsikringsselskap eller andre som viser kor mykje du får.
Avkastning av formuen til barn blir ikkje rekna med dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren.
Dersom du har fått etterbetalingar, kan vi sjå bort frå desse dersom du sender inn dokumentasjon på at dei gjeld eit tidlegare år.
Gjelda blir redusert ned til faste beløp
Kor mykje du vil sitte igjen med i gjeld og kor mykje du skal betale ned i månaden, altså terminbeløpet ditt, blir berekna ut frå inntekta di, og er uavhengig av kor stor gjeld du har.
For 2022 gjeld desse grensene og summane:
Brutto person- og kapitalinntekt | Ny gjeld | Nytt terminbeløp |
---|---|---|
0-347 925 kr | 0 kroner | 0 kroner |
347 926-386 248 kroner | 70 316 kroner | 751 kroner |
386 249-423 373 kroner | 82 002 kroner | 901 kroner |
423 374-462 551 kroner | 93 859 kroner | 1 062 kroner |
462 552-501677 kroner | 105 545 kroner | 1 210 kroner |
Hugs at du skal legge til 16 380 kroner til inntektsgrensa i tabellen per barn under 16 år. Barn blir rekna som barn til og med det året dei fyller 16 år.
Kven blir rekna som barn?
- eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
- barn av ektefellen din, dersom du bur saman med barnet minst 40 prosent av tida
- barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren også har felles barn. Du må bu saman med barna minst 40 prosent av tida