Dette skjer når du skal begynne å betale
Omtrent fem månader etter du var ferdig med utdanninga, får du tilsendt ein betalingsplan med informasjon om korleis nedbetalinga blir. Deretter får du tilsendt første rekning.
Har du søkt om berre stipend?
Når du søker om «berre stipend» til anna utdanning enn vanleg vidaregåande, får du utbetalt lån som seinare kan bli stipend. Har du ikkje fått gjort om lånet til stipend ennå og sluttar å få støtte frå oss, vil dette lånet vere med i gjelda di når vi sender ut betalingsplan. Omgjeringa av lån til stipend skjer først året etter du bestod utdanning, fordi vi ventar på opplysningar om årsinntekta di frå skatteetaten.
Medan du ventar på å få lånet gjort om til stipend, kan du søke om betalingsutsetting fram til omgjeringa skjer. Vi slettar rentene som har blir lagt til på beløpet som blir gjort om til stipend, og justerer betalingsplanen din.
Kan du ikkje betale på lånet no?
Dersom du ikkje har moglegheit til å betale på lånet ditt, kan du søke om betalingsutsetting. Alle kan utsette betalinga opptil 36 gongar, tilsvarande tre år, i løpet av nedbetalingstida.
Er du framleis i utdanning, kan du også ha rett til å få sletta renter på lånet. Det gjeld også om du er i ein annan situasjon som gir rett til sletting av renter, for eksempel dersom du er arbeidsledig eller sjuk.