Bibel- eller kunstskole

Kvinnelig student som smiler. Foto.

Elever på bibelskole eller kunstskole kan få lån og stipend i inntil ti måneder

Bibelskole eller kunstskole er to ulike skoler. Går du på bibelskole eller kunstskole, får du ikkje lenger stipend slik du kanskje fekk på vidaregåande, men du får eit lån.

Du kan få eit basislån på inntil 125 370 kroner for heile året, og inntil 40 prosent av det kan bli til stipend. Må du betale skolepengar, kan du få eit ekstra lån til det.

Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån.

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.

Når kan du søke

Du må ha fått plass før du søker. Siste frist for å søke er:

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid

Dei aller fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Før vi kan overføre pengane, må skolen din gi oss beskjed om at du går der. Når vi har fått beskjed frå skolen din, kan det ta nokre dagar før du har pengane på konto.

Gå til søknaden

Skal du betale skolepengar?

Då kan du få inntil
74 366 kroner
i skolepengelån

Du kan få eit ekstra lån til dekning av skolepengar. Skolepengelånet blir ikkje gjort om til stipend, du må altså betale heile lånet tilbake.

Beløpet gjeld fulltidsstudentar som studerer heile året. Tar du berre eitt semester, blir beløpet halvert og studerer du på deltid, blir skolepengelånet redusert i forhold til deltidsprosenten din.

Du kan berre få skolepengelån til å dekke skolepengar

Skolepenger er avgift du betaler for undervisninga. Andre obligatoriske utgifter til for eksempel bustad eller bøker, blir ikkje rekna som skolepengar. Du får heller ikkje meir i skolepengelån enn det du faktisk skal betale.

Slik søker du

Det er ikkje nokon eigen søknad om skolepengelån. Du søker om det i den vanlege søknaden om stipend og lån. 

Når får eg pengane?

Du får større
utbetalingar i
august og januar

Den første utbetalinga i skoleåret kjem når skolen har stadfesta at du har begynt der.

Du får utbetalt eit større beløp i starten av kvart semester enn i dei andre månadene. 40 prosent av støttebeløpet kvart semester blir utbetalt den første månaden.

Pengane blir utbetalte den 15. i kvar månad, unntatt den første utbetalinga

Deltid eller kortare studieår?

Du får
mindre lån
dersom du studerer på deltid

Dei fleste elevar på bibelskole eller kunstskole tar heilårskurs på fulltid.

Dersom du skal ta eit kortare kurs på fulltid, får du vanleg basislån for dei månadene kurset varer.

Skal du ta eit kurs på deltid, blir basislånet redusert tilsvarande deltidsprosenten din. Dermed blir stipendet også redusert.

Du tar opp lån

Du får ikkje stipend på same måten som på vidaregåande, men inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend seinare.

Når du går på bibelskole eller kunstskole, får du lån og stipend etter dei same reglane som gjeld for høgare utdanning. Det er nokre forskjellar frå det å få stipend til vidaregåande, som det kan vere greitt å vite om.

Du må betale tilbake lånet når du er ferdig med utdanninga

Når du ikkje lenger får lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan og må begynne å betale avdrag. Den første rekninga skal betalast omtrent sju månader etter den siste utbetalinga frå oss.

Lånet er rentefritt berre så lenge du får lån eller stipend til fulltidsutdanning.

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Fullfører du skoleåret og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. Dersom du bur på internat, reknar vi deg som bortebuar.

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skatteoppgjeret er klart for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Det betyr at dersom du er ferdig med eit år på bibelskole våren 2023, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2024.

Les meir om omgjering av basislån

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss. Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Aktuelt regelverk