Rettleie om bortebuarstipend

Her får du informasjon om kva vilkår som må oppfyllast for at eleven kan få bortebuarstipend.

Kor mykje får eleven i bortebuarstipend?

Bortebuarstipend er ein fast sats, og for studieåret 2024-2025 får eleven/lærlingen utbetalt 6677 kroner i bortebuarstipend i månaden.

Har eleven krav på bortebuarstipend?

Ein bortebuar er ein som bor på ei anna adresse enn foreldra/føresatte

Det er berre elevar i vidaregåande opplæring, førebuande opplæring og lærlingar som kan ha rett til bortebuarstipend, dersom begge punkta gjeld:

  • Eleven må fylle 20 år eller mindre det kalenderåret skoleåret startar.
  • Eleven har ikkje oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Eleven/lærlingen kan få bortebuarstipend dersom eitt av desse vilkåra er oppfylte:

  • Avstanden mellom heim og skole/lærebedrift er 40 kilometer eller meir
  • Eleven/lærlingen bruker tre timar eller meir på å reise til og frå skolen/lærebedrifta om dagen
  • Særlege forhold i heimen som gjer at eleven/lærlingen ikkje kan bu der

Det kan vere ulike årsaker til at eleven får bortebuarstipend på grunn av særlege forhold i heimen. Forholdet må vere så alvorleg at eleven vil ha problem med å fullføre vidaregåande skole om han blir buande heime. Lånekassen må ha stadfesting på dette frå ein uavhengig faginstans. Dette kan vere PP-teneste, helsesjukepleiar, sosialkontor/barnevernstenesta, familierådgivingskontor eller psykolog. Sjukdom dokumenterast ved legeerklæring eller psykologerklæring.

Ikkje eigen søknad

Det er ingen eigen søknad for bortebuarstipend. Når eleven søker om stipend til vidaregåande opplæring kryssar han av for at han skal bu borte.

Bortebuarstipend og lærlinglønn

Bortebuarstipendet blir behovsprøvd mot lærlinglønna. Dersom lærlingen tener meir enn 17 186 kroner i studieåret 2024-2025, vil bortebuarstipendet bli justert ned. Lærlingen må sende inn stadfesting frå arbeidsgivar som viser brutto lærlinglønn per månad inkludert faste tillegg. Søker lærlingen om stipend for heile studieåret, må stadfestinga vise kor mykje lærlingen tener både for haust- og vårsemesteret.

Berekning av avstand

I klargjeringssøknaden blir du av og til bedt om å bekrefte om avstanden mellom heimen til eleven sine foreldre/føresette og skolen/lærebedrifta er over 40 kilometer. For å finne ut kor stor avstanden er, kan det vere lurt å bruke ei kartteneste som bereknar reiseavstand. Lærestaden må bekrefte kortaste reiseveg (i kilometer) mellom skolen/lærebedrifta si adresse og adressa til foreldra/føresette.
Lånekassen bruker Statens vegvesen sine berekningar, og desse er gjeldande i vurderinga om eleven har rett til bortebuarstipend eller ikkje.

 

Ofte stilte spørsmål

Når eleven i nettsøknaden kryssar av for at han bur borte, vil lærestaden i nokre tilfelle bli bedt om å bekrefte avstand/reiseveg i oppgåva «Klargjering av lån- og stipendsøknadar» i arbeidsflaten.

Eleven må sjølv opplyse til Lånekassen at han er bortebuar, samt melde frå til Lånekassen dersom han har flytta. Lærestaden må undersøke om kravet til reisetid eller avstand er oppfylt, dersom det kjem spørsmål om dette i samband med klargjering av søknaden i arbeidsflaten. Lærestaden må også vere behjelpeleg med å bekrefte reisetid eller avstand dersom eleven treng dokumentasjon som skal sendast til Lånekassen.

Les meir om klargjering av lån- og stipendsøknadar her

Du må vite at det er 40 kilometer eller meir mellom skolen og foreldra/føresette sin heim, eller om eleven bruker meir enn tre timar tur/retur til skolen/lærebedrifta. Dersom det ikkje er mogleg å finne ut kva som er kortaste reiseveg eller dagleg reisetid mellom foreldreheimen og skolen, kan du trykke "veit ikkje" i klargjeringssøknaden.
Eleven vil då få beskjed om å sende inn dokumentasjon på avstand/reiseveg til Lånekassen.

 

 

Eleven si reisetid mellom skolen/lærebedrifta og heimen til foreldre/føresette blir berekna etter aktuelle ruteavgangar med kollektivtransport, eventuell gangtid, og eventuell ventetid som fell utanfor ordinær skoletid.
Gangtid blir berekna med 15 minutt per kilometer.
Ventetid kan inkluderast i berekninga dersom ventetida fell utanfor ordinært start- og slutt- tidspunkt for det utdanningsprogrammet søkaren tar. Sjå § 51 i forskrifta, med merknader.

Det kan vere vanskeleg for Lånekassen å berekne reisetid, då vi ofte ikkje har kjennskap til lokale forhold. Det er derfor viktig at lærestadene hjelper Lånekassen og elevane, ved å undersøke kva som er reisetida mellom foreldreheimen og skolen. Når vi får hjelp av lærestaden, kan eleven sin søknad bli behandla raskare.

Nei, elevar som bur på institusjon og får livsopphald dekka av det offentlege, har ikkje rett til bortebuarstipend.

Dersom eleven er under barnevernet sin omsorg, og bur utanfor fosterheim eller barnevernsinstitusjon, kan han ha rett til bortebuarstipend. Dette gjeld dersom eleven får ytingar frå Nav som utgjer ein mindre sum enn bortebuarstipendet. Eleven må då sende inn dokumentasjon frå barnevernstenesta.

Les meir om rettleiing av elevar som er under omsorg av barnevernet

Klargjere søknader
Supplere informasjon til eleven sin søknad slik at Lånekassen kan behandle den.

Aktuelt regelverk