Godkjenning av fagopplæring i skole

Lånekassen kan gi lån og stipend til elevar i fagopplæring i skole (Vg3), men ikkje til læreplasskurs.

Elevar ved fagopplæring i skole får tilbod om opplæring i faget ved skolen, i staden for ordinær læretid. Dei har ikkje status som lærlingar, og har rett til lån og stipend som vanlege elevar.

Du må søke om godkjenning for alle nye fagopplæringskurs som blir sett i gang, også om det nye fagopplæringskurset tilhøyrer eit programområde som tidlegare er godkjent.

Elevane får lån og stipend for perioden dei møter til undervisning

Varigheita på utdanninga avviker ofte frå det vanlege studieåret. Elevane har rett til lån og stipend for det talet månader dei deltar i undervisninga.

Elevane har vanlegvis rett til fullt lån og stipend med utstyrsstipend. Størrelsen på utstyrsstipendet er avhengig av programområdet.

Dersom eleven får læreplass, skal han søke på nytt som lærling
Får eleven læreplass i løpet av perioden med fagopplæring i skole, må du melde avbrot for eleven. Eleven må søke om lån og stipend på nytt som lærling.

Lånekassen gir ikkje støtte til læreplasskurs
Dette er fordi:

  • læreplasskurs blir tilbode som eit tilleggskurs til ordinær opplæring, kor deltakarane ikkje har elevstatus. Eit vilkår for å kunne få lån og stipend frå Lånekassen er at søkaren har status som elev. Sjå forskrift om utdanningsstøtte § 15 .
  •  læreplasskurs inneheld ikkje undervisning som følger offentleg godkjende læreplanar (Kunnskapsløftet). Det er eit vilkår at opplæring ved offentleg vidaregåande skole må følge ein offentleg godkjent læreplan. Les meir om kva slags utdanning det blir gitt lån og stipend til i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg.
  • læreplasskurs har for kort varigheit for at Lånekassen kan gi lån og stipend. Desse kursa har ulik varigheit på inntil 13 veker. Les meir om krav til varigheit for utdanningar i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg.