Hjelp og kontakt

Telefon

Lærestadstelefonen har ope på kvardagar frå kl. 10-15. Telefonnummeret er: 

+47 21 49 25 50

Lærestadstelefonen er ei teneste for tilsette ved lærestader. 

Send e-post eller brev

Er du tilsett ved ein lærestad kan du kontakte oss på e-post, eller ved å sende brev til:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo
Arbeidsflata for lærestadene

Arbeidsflata bruker du for å:

  • bekrefte opplysningar i søknader
  • registrere frammøte
  • melde frå om avbrot

Ofte stilte spørsmål

Alle lærestader med utdanningar som er godkjente for utdanningsstøtte i Lånekassen, har ein administrator i arbeidsflata. Administratoren er ansvarleg for kven som har tilgang til arbeidsflata for lærestaden. Viss du manglar tilgang, kan administratoren ved din lærestad hjelpe deg med dette.

Viss nokon ved lærestaden har tilgang til arbeidsflata og de ønsker å byte administrator, kan de bruke skjemaet «Byte administrator». Dette skjemaet finn de på arbeidsflata. Har ingen hos lærestaden din tilgang, kan de sende oss ein e-post.

Når du er registrert som brukar av arbeidsflata, får du ein e-post med lenke som du bruker for å lage passord.

  • Klikk på lenka i motteke e-post.
  • Du vil så få ein verifikasjonskode på SMS, som du fyller inn i feltet «Verifikasjonskode».
  • Lag nytt passord.
  • Klikk på «Send», og du er logga inn.

Viss det skjer må du kontakte oss så vi kan ordne dette manuelt.