Ny i Noreg

Støtte til veiledning av flyktningar, innvandrarar eller andre elevar utan norsk statsborgarskap.

Ny i Noreg

Situasjonar som kan påverke søknaden

Utdjupande informasjon om hjelp til å søke og få pengane for elevar og studentar i spesielle situasjonar

Elevar som er under 18 år og som ikkje har foreldre i Noreg, må ha ei verje til å signere avtalen om støtte for seg. Er eleven over 18 år, signerer han/ho avtalen sjølv.

Nokon elevar, som ikkje har foreldre, har rett til fullt inntektsavhengig stipend og bortebuarstipend. Da må alle punkta gjelde:

  • Eleven er 20 år eller yngre.
  • Eleven har ikkje oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
  • Eleven bur ikkje på institusjon, eller på anna måte har dekning til livsopphald frå det offentlege.

Elevar som bur på institusjon og får livsopphald dekka av det offentlege, har ikkje rett til lån og stipend frå Lånekassen. Det er unntak for elevar i førebuande opplæring eller vidaregåande opplæring som er 20 år eller yngre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse enno. Dei kan få utstyrsstipend dersom nødvendig utstyr ikkje blir dekka av det offentlege.

Informasjon på fleire språk

Her finn du informasjon på arabisk, farsi, tigrinja, fransk, spansk, somali og engelsk. Dette er generell informasjon om stipend og lån frå Lånekassen, retta mot nykomne til Noreg. Her finn du også informasjon om flyktningstipend på fleire språk.

Filmar om flyktningstipend på andre språk

Klikk på lenkene for å sjå informasjonsfilm om flyktningstipend med tale og tekst på somali, tigrinja og arabisk.

Video om flyktningsstipend

Hjelp elevar med å søke og få pengar
Bistå elevar når dei skal søke om lån og stipend

Aktuelt regelverk