Veilede elevar som er under omsorg av barnevernet

Lån og stipend til elevar som får økonomisk hjelp frå barnevernet.

Barnevern

Foreldresignering

Hvis eleven er under 18 år er det den som er registrert med foreldreansvar i Folkeregisteret eller en verge, som skal signere avtalen om støtte.

Hvis eleven bare får utstyrsstipend kan likevel fosterforeldre signere.

Stipend og lån til elevar under omsorg av barnevernet

Elevane kan som regel ikkje få pengar både frå Lånekassen og frå kommunen samtidig.

Ungdom som er under omsorg av barnevernet kan berre få stipend, og eventuelt lån, dersom støtta frå barnevernet for å dekke livsopphald og bustad, er mindre enn det eleven kan få frå Lånekassen. Det gjeld også elevar som er i ettervern og som får utgiftene til bustad og lisvopphald dekka av barnevernet. 

Elevar som bur i fosterheim eller insitusjon har ikkje rett til stipend frå Lånekassen.

Unntaket er utstyrsstipend, som alle på vidaregåande kan få dersom begge punkta gjeld: 

  • Eleven er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar. 
  • Eleven har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at eleven ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.  

Arbeidsgodtgjerelse til fosterforeldre reknast som lønn, og skal ikkje bli rekna med i utrekning av økonomisk støtte frå kommunen. 

Kor mykje kan eleven få?

Gå inn på kundesidene for å berekne kva ein elev eller student på ulike utdanningar kan få:
Ny i Noreg
Rettleie innvandrarar og personar utan norsk statsborgarskap.
Hjelp elevar med å søke og få pengar
Bistå elevar når dei skal søke om lån og stipend

Aktuelt regelverk