Foreldra skal signere for elevar under 18 år

Når eleven er under 18 år, må foreldra signere avtalen om stipend. Berre éin av foreldra treng å signere, og elevar over 18 år signerer sjølv.

Kor skjer signeringa?

Svaret på søknaden om stipend og lån blir sendt til eleven på Dine sider. I tillegg får foreldra tilsendt svaret (vedtaksbrevet) i posten, eller til den digitale postkassen sin (Digipost/E-boks).

Foreldra loggar seg inn på portalen for foreldresignering med sin eigen BankID for å signere avtalen der. Stipendet blir utbetalt direkte til eleven sin konto.

Berre éin signatur

Alle foreldre som har foreldreansvar får svar på søknaden frå Lånekassen. Berre éin av foreldra treng å signere avtalen.

Er eleven under 18 år og får lån?

Elevar under 18 år som får både stipend og lån, må signere avtalen saman med éin av foreldra. Avtalen blir då sendt i posten til foreldra.

Har ikkje eleven foreldre?

Viss eleven ikkje har foreldre, eller foreldra bur i eit anna land, må ein verje signere avtalen på vegne av eleven.

Viss eleven bare får utstyrsstipend kan fosterforeldre signere. 

Gå til foreldresignering