Elevar kan få omgjort delar av tilleggslån korona til stipend

25.01.2022
Alle elevar som fekk innvilga tilleggslån korona våren 2021 har no moglegheit til å få omgjort delar av lånet til stipend. For å ha rett på omgjeringa må eleven dokumentere nedgangen i inntekt for heile, eller delar av perioden 16. juni 2020 til 15. juni 2021.

Kan få 10 400 kr i omgjering av lån til stipend

Det er berre elevar som hadde nedgang i arbeidsinntekt på grunn av koronapandemien som har rett på omgjeringa. For å få omgjort 10 400 kr av tilleggslånet til stipend må eleven søke på Dine sider. Her må eleven sende inn dokumentasjon som bekreftar at:

  • eleven har hatt nedgang i arbeidsinntekt i perioden 16. juni 2020 til 15. juni 2021
  • koronapandemien er årsaka til nedgangen

På Dine sider finn eleven meir informasjon om kva type dokumentasjon Lånekassen godtar. Vi har også laga ein rettleiingsfilm som forklarer korleis eleven kan bevise nedgang i inntekt for perioden det gjeld. Del gjerne videoen vidare i kanalane dykkar. 

Svarfrist er 13. mars

Viss elevane ikkje kan bevise at dei har hatt nedgang i arbeidsinntekt for denne perioden skal dei svare nei på spørsmålet dei får på Dine sider. Dei som svarer nei, får ikkje omgjort noko av lånet til stipend. Heile tilleggslånet blir dermed lagt på studielånet, og eleven må betale tilbake lånet etter fullført utdanning.

Fristen for å svare var 7. mars. Vi har no utvida svarfristen til 13. mars 2022.

Dei som ikkje svarer innan fristen får eit automatisk avslag. Det betyr at dei får eit vedtak frå oss der det står at dei ikkje får omgjering.

Les meir om tilleggslån korona her