Klargjere søknader - videregåande for vaksne

Å klargjere søknader er å supplere Lånekassen med informasjon.

Klargjere vaksenopplæringssøknader

Generelt om klargjering av søknader for vaksne elevar

De må klargjere søknadane for alle elevar som tar vidaregåande opplæring for vaksne. Ver spesielt oppmerksam på enkelte felt, nærmare beskrivne nedanfor.

Oppgi start- og sluttdato for heile den teoretiske utdanninga

For å berekne riktig lån og stipend, må Lånekassen vite når heile den teoretiske utdanninga startar og sluttar, sjølv om perioden strekk seg over fleire studieår. Det er ikkje tilstrekkeleg å gi opplysningar om inneverande år dersom eleven tar opplæring over fleire år.

Eksempel: Dersom eleven for eksempel startar på ei toårig utdanning i august 2024, og planlegg å avslutte i juni 2026, skal startdato vere i august 2024, og sluttdato vere i juni 2026. Dersom eleven endrar planer undervegs, er det viktig at de melder om endringar i sluttdato, og/eller fag. Fagopplæring i skole og opplæring i bedrift er praktisk utdanning, og skal ikkje tas med i klargjering av søknaden.


Oppgi elevens avsluttande nivå

Det er viktig at de oppgir kva nivå eleven planlegg å avslutte den teoretiske delen av utdanninga si på (Vg1, Vg2 eller Vg3).
Dersom eleven skal ta gjennomgåande fag, må du oppgi høgaste nivå for faget. Eksempel: dersom eleven tar norsk studiespesialisering, må du velje avsluttande nivå Vg3.


Norsk for elever som tar studiespesialisering

For å ha rett til lån og stipend til norskfaget, må eleven ta norsk på Vg1, Vg2 og Vg3. Når de klargjer søknaden i arbeidsflata må de: 

  • Oppgi at eleven sitt avsluttande nivå er Vg3.
  • hake av «Norsk» på Vg1, Vg2 og Vg3

Meld frå om endringar så raskt som mogleg

Endringar i opplæringa kan få konsekvensar for søkaren sin rett til lån og stipend og for omgjering av lån til stipend. Derfor må de melde frå om endringar så raskt som mogleg. De må melde frå dersom søkaren:

  • endrar start- og sluttdato
  • trekk seg frå fag
  • melder seg på nye/fleire fag
  • får fag godkjent som realkompetanse
  • får fritak for fag

For å melde frå om endringar, søker de opp eleven i det grøne feltet på forsida av arbeidsflata, og vel «Endre studiebelastning».

Lån og stipend til kroppsøving for elevar med vaksenrett

Nokon vaksne elevar kan få lån og stipend til kroppsøving, sjølv om dei har fritak frå dette faget.

Elevar som er 21 år eller eldre, og som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, kan få lån og stipend til kroppsøving sjølv om dei har fritak frå opplæring i faget etter forskrift til opplæringslova §1-13.

Elevar mellom 19 og 21 år

Elevar mellom 19 og 21 år som tar videregåande for vaksne, får ikkje lån og stipend for kroppsøving, sjølv om dei har fritak frå faget.

Skal eg oppgi kroppsøving når eg fyller inn fag?

Lånekassen bereknar automatisk lån og stipend til elevar i videregåande for vaksne. Det betyr at du ikkje skal legge til kroppsøving som fag når du klargjer søknaden for ein elev som har fritak for kroppsøving.

Dersom eleven tar faget kroppsøving, skal du legge til faget når du klargjer saka.

Få tilgang til arbeidsflata
Korleis få tilgang til arbeidsflata for lærestadene?
Klargjere søknader
Supplere informasjon til eleven sin søknad slik at Lånekassen kan behandle den.
Ny i Noreg
Rettleie innvandrarar og personar utan norsk statsborgarskap.