Elevar som får pengar frå Lånekassen og har inntekt eller trygd

For at elevane enkelt skal forstå kva krav Lånekassen stiller for omgjering frå lån til stipend, har vi laga informasjon som er tilpassa elevane på vaksenopplæringa.

Informasjonsside for elevane på vaksenopplæringa

Vi har laga ei side om inntekts- og trygdegrensene hos Lånekassen. Sida er tilpassa elevar på vaksenopplæringa.

Inntekt og trygd påverkar om lånet blir til stipend.

Viss elevane får stipend og lån frå Lånekassen, og samtidig har inntekt frå arbeid eller får pengar frå Nav, kan stipendet bli til lån.

For å nå dei som ikkje bruker nettsidene våre eller som ikkje finner riktig informasjon på sidene, har vi laga ein fysisk plakat med ein QR-kode. Viss elevane skanner koden, kommer dei til den tilpassa sida på lanekassen.no. Plakaten er laga i to format, A3 og A4. 

Last ned plakatane her: 

Om inntekt, trygd og omgjering - A3 (last ned PDF)

Om inntekt, trygd og omgjering - A4 (last ned PDF)