Lærar- og lektorutdanna kan ha rett til å få sletta delar av studiegjelda si

Lånekassens ordningar for nyutdanna lærarar

Lånekassen har to ulike ordningar som er retta mot nyutdanna lærarar og lektorar. Etter endt utdanning kan dei ha rett til å få sletta delar av studiegjelda si. Les meir om dei ulike ordningane under videoane.

Video om lærarordningane (i breiformat)

Video om lærarordningane tilpassa sosiale medium

Sletting av studiegjeld for lærarutdanna

Lærar- og lektorutdanna kan ha rett til å få sletta delar av studiegjelda si.

Studentar som tar ei lærarutdanning innan realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan få sletta inntil 50 000 kroner av studielånet sitt. 

Ordninga gjeld også lærarar, lektorar og barnehagelærarar som tar 60 studiepoeng i samisk eller kvensk, også når studiepoenga er tatt i tillegg til profesjonsutdanninga.  

Søk om sletting av gjeld på Dine sider 

Søknadsfristen er seks månader etter fullført eksamen.

Studenten må skrive eit brev og oppgi kva slags utdanning som er gjennomført. Deretter må brev og vitnemål bli lasta opp på Dine sider.

Les meir om denne ordninga på kundesidene våre

Femårig lærar- eller lektorutdanning, og tre år i jobb

Studentar som tar femårig grunnskolelærar- eller lektorutdanning på normert tid kan få sletta delar av studiegjelda etter å ha jobba som lærarar i ein oppteningsperiode på tre år. Dette gjeld studentar som starta utdanninga hausten 2017, eller seinare. Dei første som blir omfatta av denne ordninga kan få sletta delar av studiegjelda frå og med 2025, på grunn av oppteningsperioden på tre år.

Les meir om denne ordninga på kundesidene våre

Begge ordningane gjeld for heile landet.