Høgare og anna utdanning

Sist oppdatert: 25.03.2020
Som følgje av koronautbrottet, har søknadsfristen for våren 2020 blitt utsett til 15. april.

Du søkjer med den vanlege søknaden om stipend og lån, men ver merksam på at det er delar av innhaldet i søknaden som ikkje er tilpassa den spesielle situasjonen vi er inne i no. Du skal fylle ut søknaden slik du ville gjort før lærestaden din blei stengd.

Det er ikkje eit krav at du må møte til undervisning

I søknaden står det at du må møte på skolen for å få utbetalt pengar. Det kan du sjå bort frå i dette semesteret.

Har undervisninga di blitt flytta over på nett?

Når du skal velje utdanning i søknaden, vel utdanninga du i utgangspunktet går på. Ikkje velg at du tar nettstudium sjølv om undervisninga for augeblinken skjer på nett.

Når blir pengane utbetalt?

Før pengane blir utbetalt må søknaden din bli behandla, du må ha signert ein avtale om støtte og lærestaden din må bekrefte at du er elev/student der. Du må også ha eit norsk kontonummer for å få utbetalt pengane.

Du kan følgje med på status for søknaden din på Dine sider etter du har sendt den inn.

Dei fleste søknadar om stipend og lån blir maskinelt behandla. Det betyr at du får svar på søknaden i løpet av nokre timar, men dersom søknaden din må bli vurdert av ein saksbehandlar må du rekne med lengre behandlingstid. Per i dag er behandlingstida for søknadar som må bli vurdert av ein saksbehandlar, tre veker.

Du kan følgje søknaden din på Dine sider.

Finn du ikkje utdanninga di i søknaden? Her er nokre tips til korleis du kan løyse problemet.

Gå til søknaden

Ofte stilte spørsmål om søknaden

Kor lang er behandlingstida?

Her ser du forventa behandlingstid for ulike typar søknader og brev/e-postar. Vi beklagar at saksbehandlingstida kan vere lang, og vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.

Behandlingstid for søknader om stipend og lån

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk, og du får svar i løpet av ein vyrkedag.

Nokre søknader må ein saksbehandlar sjå på, og dei blir sette i ein behandlingskø. Behandlingstida for desse sakene er for tida 6-8 veker. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid for andre typar søknader

  • ekstrastipend: 6–8 veker
  • foreldrestipend: 8–12 veker
  • sjukestipend: 10–16 veker

Nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad

Dersom du sender inn nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om støtte, er behandlingstida for tida 13–16 veker.

I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

Behandlingstid når vi ber om meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, blir søknaden din behandla på nytt, og du vil få svar etter ca. tre veker.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 8–10 veker. Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

Svartid på e-post

E-post du har sendt via Dine sider, får du svar på innan 6 vyrkedagar. Dersom meldinga di gjeld bachelorgrad eller mastergrad i utlandet, vil det kunne ta noko lengre tid før du får svar.

Når får eg svar på søknaden?

I dei fleste tilfelle blir søknadar behandla automatisk, og du får svar innan eit døgn.

Må søknaden din behandlast, får du vite behandlingstida på Dine sider.

Har søknaden din status "venter dokumentasjon frå deg", betyr det at før vi kan behandle søknaden din, må du sende inn dokumentasjon.

Les meir om behandlingstid.

Når får eg pengane på konto?

Som oftast får du pengane rett etter semesterstart. Har du søkt om studiestøtte etter semesterstart får du pengane så fort vilkåra er oppfylt.

Før vi kan utbetale studiestøtte, må vi få stadfesting frå lærestaden din om at du har opptak til utdanninga du har søkt støtte for og semesteravgifta må vere betalt.

Vi må også ha eit gyldig kontonummer, noko du opplyser om i søknaden eller endrar på Dine sider. Les meir om utbetaling.

På Dine sider kan du sjå om du har oppfylt vilkåra for utbetaling.

Korleis sender eg inn dokumentasjon?

Har du fått melding om å sende inn dokumentasjon kan du gjere det på Dine sider, i menyen finn du lenka "send inn dokumentasjon til søknaden".

Les meir om dokumentasjon.

Kva betyr stipend, maksimalt eller avgrensa lån?

I søknaden får du tre val på kva slags type stipend og lån du kan søkje om.

Stipend

Når du søkjer om stipend, blir dette utbetalt som eit lån som seinare kan bli gjort om til stipend. OBS: Bur du heime hos foreldra dine (heimebuar) kan du ikkje søkje om stipend, fordi du må vere bortebuar for å ha rett til stipend. Skal du ta høgare utdanning, må du altivt velje om du vil søkje om gradsomgjeringslån. Dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du fullfører graden din. Vanleg omgjeringslån kan bli gjort om til stipend når du består studiepoeng.

Stipend og maksimalt lån

Vel du dette søkjer du om å få maksimalt kva du kan få i studiestøtte. Stipend blir utbetalt som omgjeringslån, som kan gjort om til stipend. Resten av studiestøtta blir utbetalt som eit reint lån.

Stipend og avgrensa lån

Du vel dette om du ønskjer å avgrense kor stort lån du vil ta opp.

skjermbilete val i nettsøknad

Kva er borte- og heimebuar?

Bortebuar betyr at du ikkje bur saman med foreldra dine under studia. Heimebuar betyr at du bur saman med foreldra dine under studia.

Les meir om heime- og bortebuar.

Korleis finn eg utdanninga mi i søknaden?

Dersom du går på ein høgskole eller eit universitet, er det ofte slik at utdanningar er samla i meir generelle kategoriar i søknaden vår. Derfor er det ikkje alltid at du finn namnet som lærestaden din brukar på utdanninga di. Alle utdanningar innanfor eit fagområde kan ha felles namn. Du vel fagområde og nivå som passar til den graden du held på med.

Les meir her.

Har ikkje hybel/leilegheit ennå, kva skal eg krysse av for i søknaden?

Du skal krysse av for bortebuar i søknaden, dersom du ikkje skal bu saman med foreldra dine under studia. Det er bustatusen din under sjølve studia som gjeld, ikkje kor du bur på det tidspunktet du søker.

Les meir om heime- og bortebuar.