Sjukdom

Sist oppdatert: 31.07.2019
Dersom du blir langvarig sjuk og tener lite, kan du få sletta renter på studielånet for perioden du var sjuk.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode du var sjuk.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av sjukdom

  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du må ha vore sjuk og, heilt eller delvis, ute av stand til å arbeide eller studere i minst tre månader samanhengande.
  • Inntekta din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

I tillegg til å søke om sletting av renter må du dokumentere at du har vore sjuk. Derfor må du sende inn ein kopi av sjukemelding eller legeattest som stadfestar perioden du har vore sjuk og ute av stand til å arbeide.

Dokumentasjon på at du har vore sjuk er personsensitiv informasjon. Derfor må du sende den i posten til

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Pass på at dokumentasjonen er merka med kundenummeret ditt i Lånekassen eller fødsels- og personnummeret ditt.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søke ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søke ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søker for. Grunnen er at søknaden om sletting av renter blir vurdert opp mot årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søker du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke for, er over. Lånekassen slettar berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søker i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søke innan fristen.

Du kan enkelt søke elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Inntektsgrense

Kor mange månader du kan få sletta renter, er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søker for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det får vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2019 Antall månader med rett til sletting av renter
338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760 6
305 168 7
299 573 8
293 978 9
288 383 10
282 788 11
277 195 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.