Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om lån og stipend til lengre språkkurs
Dette søker du om
I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, i tillegg til den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend og flyktningstipend.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Dokumentasjon
Etter at du har søkt må du sende dokumentasjon til oss. Du må sende eit endeleg opptaksbrev frå lærestaden som viser start- og sluttdato, og talet på timar med undervisning i uka.
Dersom du skal ta språkkurs ved ein språkskole må du sende dokumentasjon som viser kva for eksamen du skal ta når kurset er avslutta. Det er ikkje naudsynt dersom kurset er ved eit universitet.
Du må også sende dokumentasjon på kor mykje du skal betale i skolepengar, og at du har oppnådd generell studiekompetanse i Noreg.
Behandlingstid
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
Søk så fort du har studieplass
for 2023–2024
No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2023–2024.
Siste frist for å søke er:
- 15. november 2023 hvis du søker for hausten 2023
- 15. mars 2024 hvis du søker for våren 2024