Studere i utlandet
Søknadsfristar
Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Lærestaden din må godkjenne utvekslinga
Når du skal på utveksling, er det lærestaden der du tek hovudutdanninga som godkjenner utvekslinga. For å kunne få stipend og lån, må utvekslinga på førehand vere godkjend som ein del av graden din. Du blir spurd om dette i søknaden, så vent derfor med å søke til du veit at lærestaden din har godkjent utvekslinga.
I tillegg må opphaldet vare i minst fire veker. Lærestaden din kan gi deg meir informasjon om korleis du søker om førehandsgodkjenning av utveksling i utlandet.
Dei fleste treng ikkje sende dokumentasjon
Dei fleste norske lærestader gir oss informasjonen vi treng om utvekslinga, så du skal ikkje sende oss noko med mindre du får beskjed om det. I nokre tilfelle, for eksempel dersom du studerer på BI, må du laste opp dokumentasjon som viser at utvekslinga er godkjend. Les meir om dette lenger nede på sida.
Alle studentar får basislån og reisestøtte
Dei fleste får tre forskjellige typar støtte til utveksling til eit utanlandsk universitet: Basislån, reisestøtte og støtte til skolepengar om du skal betale skolepengar.
Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga og graden din, og har inntekt og formue under grensene.
Betaler du skolepengar, kan du få stipend og lån til dekning av det, opp til eit maksbeløp som er avhengig av kvar du studerer og kor mykje du skal betale.
Vi gir også reisestøtte som tilskott til to tur-returreiser til den verdsdelen du studerer i.
Nokre land gir meir stipend
Dersom du skal på utveksling til Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika eller Sør-Korea, får du 4 401 kroner i månaden i tillegg til basislån og reisestøtte. Dette stipendet kan du få i inntil ti månader.
For å få dette stipendet, må du:
- dra på utveksling til eit av desse landa frå ein lærestad i Noreg, eller
- ta heile graden din i eit av desse landa
Det betyr at dersom du allereie har begynt på ein heil grad i eit land utanfor Noreg som ikkje er eit av desse landa, og drar på utveksling til Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika eller Sør-Korea, får du ikkje dette stipendet.
Gjeld og nedbetaling
Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er fulltidsstudent og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.
