Bli lærar - kvitt deg med studielån

Publisert 15.02.2024

Denne veka la regjeringa fram sin strategi for rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket 2024-2030. Regjeringa vil vidareføre ordningane med sletting av studielån for å bidra til at fleire i heile landet vil ta ein lærarutdanning og jobbe som lærar.

Nyheita kjem samtidig med at mange unge vurderer kva for utdanning dei skal søke på og kva dei skal bli. Dersom du vurderer læraryrket, kan det vere kjekt å vite at du kan få sletta ein betydeleg del av studielånet ditt etter fullført utdanning.

Inntil 361 000 kroner

Eitt av oppdraga til Lånekassen er å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på viktig og relevant kompetanse. Norge treng lærarar, og for å bidra til at fleire vellæraryrket, har Lånekassen ordningar som gjer at nyutdanna lærarar får sletta delar av studielånet. Kor mykje du kan få sletta, kjem an på kva du har studert og kvar du begynner å jobbe.

Tar du for eksempel ei femåring grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid og jobbar som grunnskolelærar i tre år, kan du få sletta 106 000 kroner av studielånet ditt.

Har du i tillegg spesialisering innan realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, kan du få sletta 50 000 kroner ekstra, til saman 156 000 kroner.

Og får du på toppen av dette lærarjobb i Nord-Noreg, kan du få sletta enda meir: Til saman inntil 211 000 kroner i heile Nord-Noreg, og ytterlegare inntil 50 000 kroner kvart år om du jobbar i tiltakssonen, som består av Finnmark og utvalde kommunar i Nord-Troms.

Oppfyller du vilkåra for alle dei moglege ordningane, kan du få sletta inntil 361 000 kroner av studielånet ditt i løpet av tre år.

Dette må du vite

Dette med sletting av studiegjeld for lærarar kan opplevast som komplisert, men det held eigentleg at du veit tre ting:

  • Lånekassen har ordningar som gjer at lærarar kan få sletta delar av gjelda si – uavhengig av kvar i Noreg dei bur.
  • Dei som har studert framandspråk, realfag, samisk eller kvensk, kan få sletta meir. Dei som jobbar i Nord-Noreg, kan få sletta enda meir, spesielt i tiltakssonen lengst nord.
  • Nokre av ordningane har søknadsfrist ganske raskt etter fullført utdanning, så ikkje vent med å sette deg inn i kva for ordningar som kan gjelde for deg.

På Lånekassens nettsider har vi detaljert informasjon om dei ulike ordningane. Om du kjenner nokon som dette er aktuelt for, så tips dei gjerne! Og lykke til – både til dykk som skal velje utdanningsretning og dykk som er ferdig utdanna og skal ta fatt på arbeidslivet.

Anette Bjerke

Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen