Elevar gjekk glipp av 40 millionar i stipend

Publisert: 14.10.2022
Regjeringa har foreslått å auke satsane for utstyrsstipend, som alle på vidaregåande skole kan få frå Lånekassen. For å få det, må ein søke, og det er det ikkje alle som gjer. Førre skoleår gjekk 20 000 elevar glipp av til saman 40 millionar kroner i utstyrsstipend.

– Vi veit ikkje kvifor nokon lar vere å søke om utstyrsstipend. Eg oppfordrar alle til å søke på dette stipendet, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på, seier administrerande direktør i Lånekassen, Morten Rosenkvist.  

Elever søker om stipend ved å logge inn på Lånekassens nettsider.

Foreslår auke 

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend, er avhengig av kva utdanningsprogram dei tar. Førre veke la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett, og der foreslår dei å auke utstyrsstipend for enkelte elevgrupper. 

Forslaget frå regjeringa inneber å auke frå dagens fire satsar til fem. Nokre av utdanningsprogramma blir dermed flytta til ein høgare sats. Nokre av satsane for utstyrsstipend blir justert opp med 25 prosent. 

Betalte ut 322 millionar 

180 000 elevar på vidaregåande har kvart år rett på utstyrsstipend. Av desse var det 20 000 som ikkje fekk stipend skoleåret 2021-2022. Om lag 15 000 elevar unnlet å søke, medan 5 000 let vere å signere for stipendet, og fekk derfor ikkje utbetalt pengane.  

Lånekassen betalte ut 322 millionar kroner i utstyrsstipend i fjor. Hadde alle med rett søkt og signert for pengane sine, ville beløpet vore 40 millionar høgare, berekna ut frå gjennomsnittsbeløpet til dei som har fått stipend. 

Utstyrsstipend blir utbetalt éin gong i året.  

Fleire stipend til elevar på vidaregåande 

Lånekassen har også andre typar stipend for elevar på vidaregåande. Elevar som skal bu borte for å gå på skole, kan ha rett på bortebuarstipend. Regjeringa forslår i statsbudsjettet å auke bortebuarstipendet med 660 kroner i månaden. Blir dette vedtatt, vil bortebuarstipendet neste skoleår vere på 5 639 kroner per månad. 

Elevar som har foreldre med låg inntekt, kan også ha rett på inntektsavhengig stipend.  

Fristen for å søke stipend og lån frå Lånekassen er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret.  

 Les meir: 

Kva vil det seie å ha ungdomsrett? 
Dette kan elevar på vidaregåande skole få frå Lånekassen