Endringar for elevar og studentar studieåret 2024-2025

Publisert: 15.03.2024
Kvart år blir det gjort nokre endringar i reglane som gjeld lån og stipend for elevar og studentar. I denne nyheitssaka har vi summert dei største endringane for dei som søker om lån og stipend i år.

Justering av støttesatsar

Dei fleste støttesatsar er justert med 3,8 prosent. Unntaka er utstyrsstipendet og bortebuarstipendet, som aukar med 9,5 og 10 prosent. Basislånet, som er det vanlege studielånet, aukar frå 12 537 kroner per månad til 13 790 kroner.

Elevar på vidaregåande får meir i utstyrsstipend

Satsane for utstyrsstipend blir auka med 9,5 prosent i tillegg til prisjustering i 2024. Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend kjem an på kva utdanningsprogram dei tar.

Dette betyr for eksempel at elevar som tar idrettsfag vil få ein auke på 675 kroner, elevar som tar elektro og datateknologi vil få ein auke på 497 kroner, og bygg- og anleggsteknikk vil få ein auke på 843 kroner.

Bortebuarstipendet aukar meir enn prisveksten

Satsen for bortebuarstipendet stig med ti prosent i tillegg til prisjustering i 2024. Det betyr at stipendet vil auke frå 5 848 til 6 677 kvar månad.

Bortebuarstipendet skal bidra til å dekke buutgifter når ein elev må flytte heimanfrå for å ta vidaregåande opplæring.

Endring i reglar for å få lån til vidaregåande opplæring eller førebuande opplæring for vaksne 

Frå studieåret 2024-2025 skal elevar som fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar, søke om lån og stipend etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning. Det gjeld også elevar under 21 år som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Reglane gjeld ikkje for elevar som er med i ein overgangsordning. Overgangsordninga gjeld ut skoleåret 2025-2026. Dette er i hovudsak elevar frå 21 til 24 år som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, og som i 2023-2024 fekk stipend og lån til vidaregåande opplæring eller til det første året til grunnskoleopplæring, ut frå at dei hadde ungdomsrett til slik opplæring. Når desse elevane fortset opplæringa, får dei stipend og lån etter stipendbasert ordning også i 2024-2025.

Studentar må begynne på ei gradsutdanning i utlandet etter lengre språkkurs

Studentar som planlegg å studere i eit ikkje-engelskspråkleg land utanfor Norden, kan få lån og stipend til eit språkkurs i inntil to semester. Støtta blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend dersom studenten består språkkurset.

Frå studieåret 2024-2025 må studenten begynne på ei gradsutdanning i utlandet innan eitt år etter fullført språkkurs, for å kunne få delar av lånet gjort om til stipend.

Utviding i stipend til studentar i utvalde land

For studieåret 2022-2023 blei det oppretta eit nytt rekrutteringsstipend til utvekslingsstudentar. I studieåret 2023-2024 er stipendet på 2 675 kroner per månad, og kan bli gitt i inntil ti månader til studentar på utvekslingsopphold i Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea og Sør-Afrika. Russland var opphavleg eit av landa stipendet gjaldt for, men på grunn av krigen blir det ikkje gitt studiestøtte til oppstart av nye studium i Russland.

Frå studieåret 2024-2025 gjeld stipendet både for gradsstudentar og utvekslingsstudentar i desse landa, og stipendet  stig til 4 277 kroner i månaden. Stipendet kjem i tillegg til den vanlege studiestøtta. Stipendet blir ikkje behovsprøvd. Det betyr at stipendet ikkje blir gjort om til lån, sjølv om studenten for eksempel har inntekt over grensene til Lånekassen.

Lån og stipend ved forseinking for studentar som har betalt ned gjeld

Studentar som ikkje har bestått alle studiepoeng eller tilsvarande som dei har fått lån og stipend til å ta, blir rekna som fagleg forseinka. Studentar kan vere opptil 60 studiepoeng fagleg forseinka før dei mister retten til å få lån og stipend frå Lånekassen. Dersom studenten er meir enn 60 studiepoeng forseinka, må hen som hovudregel bestå studiepoeng utan støtte frå Lånekassen for å kunne få lån og stipend igjen.

Frå kommande studieår blir det gjort ei forenkling for studentar som har betalt ned tidlegare studiegjeld, og er for mykje fagleg forseinka. Dei kan no få lån og stipend utan å måtte hente inn forseinkinga som overstig 60 studiepoeng. Dette unntaket kan berre blir gjort éin gong. 

Utdanning som er sett i gang av Nav gir rett til støtte

Tidlegare blei det ikkje gitt lån og stipend til utdanningar som var sett i gang av, eller i samråd med Nav. Einaste unntak var i periodar der opplæringa var lagt opp utan livsopphaldsytingar frå Nav. For å vere sikker på at ingen deltakarar i slike opplegg skal bli ståande utan noko støtte i delar av opplæringa, fjernar ein no dette hinderet i regelverket. Det betyr at frå hausten 2024, kan det bli gitt lån og stipend for heile opplæringsperioden i program som for eksempel Menn i helse.

Sletting av gjeld for lærarar med utdanning i samisk og kvensk

Lærarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller samisk språk som ein del av samisk grunnskolelærarutdanning, samisk barnehagelærarutdanning, grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning, kan få sletta inntil kr 50 000 kroner av gjelda. Ordninga gjeld også for lærarar som tar minst 60 studiepoeng i kvensk eller samisk språk i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning og barnehagelærarutdanning.

Dei som tar lektorutdanning, grunnskolelærarutdanning og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, får frå hausten 2024 same rett til å få sletta gjeld også når studiepoenga i kvensk eller eit samisk språk er tatt i tillegg til profesjonsutdanninga.

Sletting av gjeld for lærarar med fullført lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

I 2018 blei det oppretta ei ordning for sletting av gjeld for lærarar som har fullført grunnskolelærar- eller lektorutdanning på normert tid og etterpå har jobba som lærar i ein oppteningsperiode. Dette skjedde i samband med oppretting av den femårige grunnskolelærarutdanninga. Sidan dette har det blitt oppretta ei femårig integrert lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, som erstattar den treårige faglærarutdanninga. Fordi denne lærarutdanninga har blitt ei femårig utdanning, vil den også bli omfatta av denne ordninga for sletting av gjeld.

Student med hender på tastatur. Foto.