Fleire mottek flyktningstipend frå Lånekassen

Publisert: 24.02.2021
Stadig fleire mottek flyktningstipend frå Lånekassen. Talet på dei som mottek dette stipendet, er meir enn tredobla sidan 2014.

Flyktningstipend er eit stipend for flyktningar som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring i Norge. Stipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, vert gjeve som stipend i staden.

Talet på støttemottakarar har auka jamt og trutt dei siste åra, frå 3 700 i undervisingsåret 2014–2015 til 12 400 i undervisingsåret 2019–2020.

– Lånekassen sitt samfunnsoppdrag er å gjere utdanning mogleg. Å gjere det mogleg for flyktningar å ta grunnskule eller vidaregåande utdanning, og dermed legge til rette for deltaking i arbeids- og samfunnsliv, er ein viktig del av dette, seier konstituert administrerande direktør i Lånekassen, Lars Petter Flåtten.

Avgjerande verdi

Utdanning og kvalifisering er ein nøkkel til integrering, og utgjer eitt av fire innsatsområder i integreringsstrategien til regjeringa.
I ei tid der stadig fleire ufaglærde jobbar forsvinn og krav til kompetanse aukar, går utdanning og arbeid hand i hand. 7 av 10 nyankomne flyktningar som avslutta introduksjonsprogrammet i 2018 var mellom 18 og 35 år. Dei har eit langt arbeidsliv foran seg.

– Fleire flyktningar har liten eller ingen utdanning. Dei har behov for kompetanse som norsk arbeidsliv spør etter. Lånekassen sitt flyktningstipend gjer det mogleg for fleire å ta grunnskule og vidaregåande skule i Norge. Dette vernar mot seinare utstøting frå arbeidslivet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør for Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

Fakta om flyktningstipend

  • Flyktningstipend er eit stipend for flyktningar som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring i Norge.
  • Stipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, vert gjeve som stipend i staden.
  • Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på seks år etter datoen du fekk innvilga vern. Antal år du kan få stipendet kjem an på kor raskt du byrja i utdanning etter at du fekk vern.
  • Du kan ikkje få flyktningstipend samstundes som du får introduksjonsstønad.
  • Lånekassen tilbyr no informasjon om flyktningstipend på språka arabisk, somali, tigrinja og farsi.
  • Les meir om flyktningstipend på Lånekassen sine nettsider.