Framleis låge fastrenter i Lånekassen

Publisert: 10.02.2021
Fastrentene i Lånekassen går noko opp frå 1. mars, men held seg framleis låge.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars 2021 er:

  • 3 år: 1,569 % (opp med 0,089 prosentpoeng)
  • 5 år: 1,775 % (opp med 0,137 prosentpoeng)
  • 10 år: 2,070 % (opp med 0,137 prosentpoeng)

– Fastrentene som gjaldt frå 1. januar var dei lågaste i Lånekassens historie. Sjølv om rentesatsane går noko opp frå 1. mars, er dei framleis låge, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Også den flytande renta er låg. Dagens flytande rente, som gjeld for januar og februar, er på rekordlåge 1,391 prosent. Deretter blir den 1,401 prosent i mars og april.

Samla var det 11 700 kundar som valde å binde renta i løpet av 2020. Det er ei betydeleg auke frå året før, då 1 500 kundar valde å binde renta. Dei som vel fastrente er likevel i mindretal. Rundt 9 av 10 som betalar ned på studielånet sitt, har flytande rente. 680 800 kundar har flytande rente, medan 45 300 kundar har fastrente. 

Dei som ønsker å binde renta frå 1. mars, gjer det i perioden 10.-17. februar på Dine sider på lanekassen.no.


Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og er fastsette på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter. 
  • Både flytande og fast rente blir fastsette annankvar månad. 
  •  680 800 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 45 300 har fast rente. 
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her. 
Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør. Foto.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen