Lita renteauking hos Lånekassen

Publisert: 09.06.2023
Både flytande og fast rente på studielånet aukar frå 1. juli.

Fastrentene som gjeld frå 1. juli, vil vere:

  • 4,266 prosent for tre års bindingstid (opp frå 4,227)
  • 4,160 prosent for fem års bindingstid (opp frå 4,131)
  • 4,141 prosent for ti års bindingstid (opp frå 4,112)

Flytande rente på studielånet er i dag 3,532 prosent, men vil auke til 3,668 prosent frå 1. juli.

Få vel fastrente

Dei aller fleste av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet. Akkurat no har 745 800 kundar flytande rente, medan 19 100 har fastrente.

– Vi såg i heile fjor at svært få valde å binde renta, og denne trenden fortset i år. Så langt i år har berre 360 kundar bedt om fastrenteavtale, seier Magnus Lingscheid-Andersen, produkteigar for lån i Lånekassen.

Studielånsrentene er marknadsstyrte

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10.–17. juni.

Les meir om korleis rentene i Lånekassen blir fastsette og følg renteutviklinga på Lånekassens nettsider.