Student? Så mykje kan du tene før stipendet ryk

Publisert 20.03.2024
Merk deg summen 214 213 kroner dersom du er student. Så mykje kan du tene før stipendet frå Lånekassen gradvis blir redusert. 

Studielånet frå Lånekassen blir utbetalt som eit lån, men seinare kan inntil 40 prosent av lånet bli gjort om til stipend.

– Det er tre ting som må vere på plass for å få omgjering. Du må bu borte frå foreldra dine, ha inntekt og formue under fastsette grenser og bestå utdanninga, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Grensene for inntekt og formue avheng av om du får studielån heile året eller sju månader eller mindre.

For 2024 er inntektsgrensa 214 213 kroner dersom du får studielån heile året og 535 532 kroner dersom du får støtte til inntil sju månader. Inntektsgrensa blir justert kvart år på bakgrunn av forventa lønnsvekst.

Det er eigne grenser for formue, og du kan sjå alle grensene på lanekassen.no.

Gradvis reduksjon

Lånekassen tar utgangspunkt i inntektsopplysningar frå Skatteetaten når lån blir gjort om til stipend.

– Det er viktig å merke seg at inntektsgrensene er basert på kalenderåret. Det vil seie at vi ser på inntekta di for heile året du får studielån, seier Bjerke.

Studentane mister ikkje heile stipendet dersom dei går litt over grensene. Stipenddelen blir gradvis redusert basert på kor mykje meir enn inntektsgrensa du har tent. Dette blir gjort etter ein fastsett formel.

Dersom årsinntekta er på 319 069 kroner eller meir, mister du heile stipendet.

Godt kjent

– Vårt inntrykk er at det er godt kjent blant studentane at eiga inntekt og formue kan påverke kor mykje dei får i stipend. Dei aller fleste, rundt 80 prosent av studentane, har inntekt og formue under dei fastsette grensene ved omgjering, seier Bjerke.

Studentar som ønsker å jobbe meir, og dermed tene meir enn inntektsgrensa, står fritt til å gjere det.

– Inntekt over grensene har ingen andre konsekvensar enn at stipenddelen blir lågare. Studenten får like mykje utbetalt, og det har ingen konsekvensar for støtte seinare i utdanningsløpet, seier Bjerke.