Slik send du dokumentasjon
Du sender oss dokumentasjon så snart du kan etter du har fått vedtaket. Då må du logge inn og velje Send inn dokumentasjon i menyen.
Arbeid i helse- og omsorgssektoren
Det betyr at du kan tene over grensa for inntekt i heile denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt frå andre arbeidsgjevarar i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.
Unntaket gjeld berre for studentar som får lån og stipend til høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet.
Du må dokumentere arbeidet
Dersom du har fått eit vedtak om at inntekta di er over grensa for stipend, vil du få saka behandla på nytt dersom du sender oss lønnsslippar som viser:
- at du har utført arbeid innanfor helse- og omsorgssektoren
- inntekta i perioden
Har du fleire arbeidsgivarar, må du sende inn lønnsslippar frå alle. Du treng ikkje å dokumentere at koronapandemien var grunnen til at du jobba. Du skal berre dokumentere at inntekta di kom frå helse- og omsorgssektoren.
Når vi får dokumentasjonen frå deg, vurderer vi inntekta di på nytt, og du får eit nytt vedtak.
Frist for å sende oss dokumentasjon
Du sender inn dokumentasjonen så snart du har fått vedtak om kontroll av inntekt og formue. Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for å sende inn nye opplysningar om koronarelatert arbeid, berre for andre forhold ved vedtaket.
Grensene for formue og trygd gjeld framleis
Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha, før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa.
Studentar som har barn
Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren. Dette unntaket gjeld også for perioden 1. mars 2020 til og med 31. desember 2022. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er i helse- og omsorgssektoren i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.