Lærling med studielån

For deg som er 21 år eller eldre. Gjeld også deg som er under 21 år og har studie- eller yrkeskompetanse.
Mannlig lærling med kappsag. Foto.

Kor mykje kan eg få?

Du kan søke om inntil 151 690 kroner i lån for heile skoleåret.

Du får ikkje stipend på same måte som på vanleg vidaregåande, men du tek opp eit lån. 

Lånet kallar me basislån. Alle studentar kan få basislån, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Dersom du jobbar deltid som lærling, får du redusert lån. 

Inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend dersom du

  • ikkje bur saman med foreldra dine
  • består utdanninga di
  • har inntekt, formue og trygd under grensene

Når får eg pengane?

Du kan få utbetalt pengar frå august til juni, men du må framleis hugsa å søke kvart skoleår. Lærlingar får utbetalt lån for 11 månader i året.

Når må eg betale tilbake?

Det blir lagt til renter på lånet og du må byrje å betale når du ikkje lenger får lån og stipend til utdanning på heiltid, eller når du studerer på deltid. Det tek cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.

Denne sida gjeld deg dersom eitt av punkta stemmer: 

  • Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.  
  • Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev. 

Unntak: Fyller du 21 til 24 år i 2024? Og fekk du i skoleåret 2023-2024 utstyrsstipend eller andre lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring? Sjekk om denne informasjonen ikkje gjeld deg fordi du er med i ei overgangsordning.  

Gå til søknaden

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikkje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sida av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 443 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Inntil
40 %
kan bli stipend

Kor mykje kan eg tene?

For å fullt stipend kan du ikkje tene meir enn 214 213 kroner i 2024, dersom du får stipend og lån for heile året.

Etter at du har bestått fagbrev eller sveinebrev kan delar av lånet bli gjort om til stipend (omgjering). Stipend er pengar du ikkje treng å betale tilbake. Det du sit igjen med i lån etter omgjering må du betale tilbake.

For å få gjort om lån til stipend må du bestå fagbrev eller sveinebrev. 

I tillegg til at du må bestå utdanninga di, er det også eit krav om å ikkje tene for mykje. Merk at inntektsgrensene gjeld for kalenderåret og ikkje studieåret. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare.

Du mistar ikkje heile stipendet viss du har inntekt litt over grensa, men me reduserer det gradvis etter kor stor inntekt du har hatt.

Me ser også på trygd og formue

Formue og trygdeinntekter kan også påverka kor mykje av basislånet som kan bli til stipend. Les meir om grenser for inntekt, formue og trygd.

Bur du heime hos foreldra dine får du ikkje omgjort lån til stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend.

Omgjeringa skjer først året etter du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skatteoppgjeret ditt er klar for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Les meir om omgjering

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk