Inntektsavhengig stipend

Gjelder deg som går på vidaregåande skole, fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret starter og ikkje har studie- eller yrkeskompetanse enno.

VeilederInntektsavhengigStipend

Inntektsavhengig stipend

Stipendet skal vere eit bidrag til å dekke levekostnadane for elevar frå familiar med svak økonomi.

Stipendet skal sikre at elevar har moglegheit til å ta vidaregåande opplæring, uavhengig av økonomien til familien.

Det er tre ulike satsar for inntektsavhengig stipend. Satsane er 1 291 kroner, 2 583 kroner eller 3 875 kroner per måned.

Så lenge du går i vanleg vidaregåande opplæring, vil foreldra dine framleis ha forsørgarplikt for deg, også etter at du har fylt 18 år.

Dette ser vi etter når vi vurderer om du kan få inntektsavhengig stipend:

  • om foreldra dine bur saman
  • om foreldra dine har ny partnar
  • inntekta til begge foreldra dine
  • kor mange søsken du har

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om inntektsavhengig stipend. I søknaden om stipend til vidaregåande skole, velger du om du vil søke om inntektsavhengig stipend eller ikkje.

Søknad om stipend til vidaregåande skole

Aktuelt regelverk