Lærling i Noreg
Lærliglønna kan påverke bortebuarstipendet
Bortebuarstipendet blir redusert dersom lærlinglønna di er over grensa. Grensa for studieåret 2024–2025 er 17 186 kroner i brutto månadslønn.
For å få bortebuarstipend må du i tillegg oppfylle minst eitt av punkta nedanfor:
- Det er meir enn 40 kilometer mellom foreldreheimen og lærebedrifta.
- Du bruker meir enn tre timar tur-retur kvar dag på å reise frå foreldreheimen til lærebedrifta.
- Det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der. Særlege forhold vil seie sosiale eller personlege ting som gjer at du blir hindra i utdanninga, dersom du blir buande heime.
Lærlingar får ikkje utstyrsstipend
Som lærling får du ikkje lenger utstyrsstipend, slik du gjorde då du gjekk på vidaregåande skole.
Svært få lærlingar får inntektsavhengig stipend
Inntektsavhengig stipend er eit stipend til elevar frå familiar med svak økonomi. Kor stort stipend du kan få, er mellom anna avhengig av lærlinglønna di. Grensa for kor høg lærlinglønn du kan ha og fortsatt få inntektsavhengig stipend, er så låg at det er svært få lærlingar som får det.
Du får utbetalingar i 11 månader
Lærlingar får utbetalt stipend for 11 månader i året, i motsetnad til elevar i vanleg vidaregåande, som berre får stipend for 10 månader. Du kan få stipend frå august til juni, men du må framleis hugse å søke kvart år.
Denne sida gjeld deg dersom begge punkta stemmer:
- Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
- Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning.
Unntak: Fyller du 21 til 24 år i 2024? Og fekk du i skoleåret 2023-2024 utstyrsstipend eller andre lån og stipend etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring? Sjekk om denne sida gjeld deg fordi du er med i ei overgangsordning.