Lærling

Kven har ungdomsrett?

Dei fleste lærlingar har ungdomsrett. Det betyr at du har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret du fyller 24 år.

Informasjonen gjeld også for deg som er lærekandidat, praksisbrevkandidat eller kandidat for fagbrev på jobb.

 

Kven har ikkje ungdomsrett?

Er du over 24 år eller har fullført vidaregåande opplæring tidlegare, har du ikkje lenger ungdomsrett. Du kan få stipend og lån frå Lånekassen, men etter dei same reglane som for høgare utdanning.

Informasjonen gjeld også for deg som er lærekandidat, praksisbrevkandidat eller kandidat for fagbrev på jobb.

Aktuelt regelverk